Miquelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miquelets i ei populær feiring i Badalona i Catalonia i Spania.

Miquelet eller Micalet (spansk Migueletes) var ein milits i Catalonia og Valencia i Spania. Namnet kjem frå Miquel eller Miquelot de Paris, ein katalansk leigesoldat og kaptein i teneste hos Cesare Borgia. Omgrepet vart nytta om usamanhengande grupper av katalanarar som tok til våpen i mange krigar, i tillegg til å drive bandittverksemd. Namnet vart ikkje nytta om ein spesifikk milits. Mellom anna vart det nytta under det katalanske opprøret i 1640 mot det spanske styret og under den spanske sjølvstendekrigen mot Napoelon og Frankrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]