Mir iskusstva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Framside til Mir iskusstva, 1899

Mir iskusstva (russisk Мир иску́сства, tyder 'Ei verd av kunst' eller 'Kunst-verda') var eit russisk tidsskrift og er nemninga på den kunstrørsla som vart inspirert av og uttrykte desse ideane gjennom sine arbeid. Rørsla hadde stor innverknad på dei russiske kunstnarane som var med å revolusjonere europeisk kunst i det fyrste tiåra av det 20. hundreåret. Mange miriskusniki (medlemer av rørsla) ytte sitt til Ballets Russes sine oppsetjingar i Paris. Berre få vesteuropearar såg noko utgåve av sjølve bladet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kunstnargruppa vart grunnlagt i 1898 av ei gruppe studentar, der i mellom Aleksandr Benois, Konstantin Somov, Leon Bakst og Jevgenij Lancerey. Starten for den nye rørsla vart innleia med organiseringa av Utstillinga av russiske og finske kunstnarar i Stieglitzmuseet i St. Petersburg.

Magasinet vart etablert i 1899 i St. Petersburg av Benois, Bakst og Sergej Djagilev (redaktør). Dei kritiserte Peredvizjnikij-skulen for låg kunstnarisk standard, og fremja i staden kunstnarisk individualisme og andre art nouveau-prinsipp. Rørsla sin teoretiske ståstad vart gjort kjend gjennom tre artiklar skrivne av Djagilev og publisert i nummer N1/2 og N3/4 av det nye magasinet.

I tillegg til dei tre grunnleggjarane av magasinet, fanst aktive medlemer som Mstislav Dobuzjinskij, Lancerey og Konstantin Somov. Utstillingane som vart arrangert av Mir iskusstva trekte til seg mange målarar frå Russland, til dømes Mikhail Vrubel, Mikhail Nesterov og Isaak Levitan.


I si klassiske periode (1898-1904) arrangerte gruppa seks utstillingar; 1899 (internasjonal), 1900, 1901 (St. Petersburgs kunstakademi), 1902 (Moskva og St. Petersburg), 1903, 1906 (St. Petersburg). Den sjette utstillinga vart sett som eit forsøk frå Djagilev på å hindre medlemer i Moskva i å bryte ut av rørsla. Desse hadde organisert ei eiga «Utstilling av 36 kunstnarar» (1901) (og seinare, frå 1903, i «Unionen av russiske kunstnarar».

I perioden 1904-10 eksisterte ikkje Mir iskusstva som ei eiga kunstnargruppe. «Unionen av russiske kunstnarar» hadde teke plassen og offisielt dreiv denne på til 1910, uoffisielt til 1924. Med i «Unionen» var kunstnarar som Valentin Serov, Konstantin Korovin, Boris Kustodjev, Zinaida Serebrjakova, Ivan Bilibin, Konstantin Somov, Igor Grabar, Nicholas Roerich og Sergej Sudejkin.

I 1910 publiserte Benois ein kritisk artikkel om «Unionen av russiske kunstnarar» i magasinet Rech. Mir Iskusstva vart då reorganisert. Den nye leiaren vart Nicholas Roerich. Gruppa tok til seg nye medlemer, blant anna Nathan Altman, Vladimir Tatlin og Martiros Sarjan. Kritikarar meinte inkluderinga av russiske avantgarde-målarar viste at gruppa hadde utvikla seg frå å vere ei kunstrørsle til å verte ei utstillingsrørsle. Ivan Bilibin vart leiar av gruppa i 1917.

Gruppa organiserte tallause utstillingar: 1911, 1912, 1913, 1915, 1916, 1917, 1918, 1921, 1922 i St. Petersburg og Moskva. Den siste utstillinga av Mir iskusstva vart organisert i Paris i 1927. Nokre medlemer vart med i kunstrørslene Zjar-Tsvet (Moskva, organisert i 1924) og Fire kunstnarar (Moskva-Leningrad, organisert i 1925).

Kunst[endre | endre wikiteksten]

Benois og venene hans avskydde det antiestetiske uttrykket i det moderne industrisamfunnet. Dei søkte å sameine alle nyromantiske russiske kunstnarar under ei fane i kampen mot positivismen innan kunsten.

Som romantikarane før dei, fremja miriskusniki forståing og bevaring av kunsten i de føregåande periodane, spesielt folkeleg kunst og det 18. hundreårets rokokko. Truleg var Antoine Watteau den enkeltkunstnaren dei sette høgst.

Leon Bakst: Ballettfigur til Eldfuglen, 1910

Desse fornyigsprosjekta vart handsama av miriskusniki på ein humoristisk måte og med stor grad av sjølvironi. Dei var fascinert av masker og marionettar, karneval og dokketeater, draumar og eventyr. Alt som var grotesk og morosamt appellerte til dei, meir enn det som var alvorleg og emosjonelt. Favorittbyen deira var Venezia, i ein slik grad at både Sergej Djagilev og komponisten Igor Stravinskij valde han til gravstad.

I prosjekta sine føretrekte miriskusniki lyse, luftige effektar av akvarell og gouache til fullskala oljemåleri. Ettersom dei ynskte å bringe kunsten inn i alle hus, utforma dei ofte interiør og bøker. Bakst og Benois revolusjonerte teaterdesignet med sin grensesprengande dekor til Cléopâtre (opera av Jules Massenet) (1909), Carnaval (ballett av Stravinskij) (1910), Petrusjka (1911) og L'après-midi d'un faune (koreografi Vatslav Nizjinskij) (1912).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]