Mira Craig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mira Craig

Mira Craig under Melodi Grand Prix 2010
Fødd31. juli 1982
FødestadOslo i Noreg
FødenamnMira Sherdin Craig
OpphavNoreg, USA
PrisarAlarmprisen for årets nykommer

Mira Sherdin Craig (fødd 31. juli 1982) er ein norsk-amerikansk popartist, fødd og busett i Oslo.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Som 12-åring stilte ho på audition til NRK-programmet Midt i Smørøyet der ho song Whitney Houston sin «I Wanna Dance With Somebody». Ho heldt fram som songar og skodespelar i programmet. Då ho var 15 år, byrja ho å skrive eigne låtar. Som 17-åring var ho bakgrunnsvokalist for Noora Noor. 21. januar 2006 vart ho tildelt Alarmprisen 2006 som årets nykommar.

Craig skriv alle låtane sine sjølv, og ho produserer og regisserer sine eigne videoar, og dessutan lagar ho mange av sine eigne sceneantrekk. På scena plar ho ofte å ha med seg dansarane Alexandra Joner og Mona J. Berntsen, kjende frå Dansefeber 2007.

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Craig stod bak vinnarbidraget i Melodi Grand Prix 2008, «Hold On Be Strong», som ho hadde skrive då ho var 15 år gammal, og som vart framført av Maria Haukaas Storeng. Craig sin melodi representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2008 som vart arrangert i Beograd i Serbia i mai. Melodien enda på femteplass i finalen.

Craig var ein av dei tre dommarane på TV-programmet X Factor 2009, som var den første sesongen av den norske versjonen av X Factor. Samstundes deltok ho i Zebra Grand Prix.

Mira stilte opp att sjølv med songen «I'll Take You High» i Skien i Melodi Grand Prix 2010. Her gjekk ho vidare til siste sjanse, der ho vart slått ut av Venke Knutson i andre runde.

Mediahendingar[endre | endre wikiteksten]

I 2001 skapte Craig overskrifter då ho vart dregen opp på scena under Quartfestivalen av Wyclef Jean. Snoop Dogg fatta òg interesse for den norske musikaren på Quart i 2005, og han har brukt hennar «Dinner in Bed» på samleplata Welcome to tha Chuuch: The Album frå same året. Ein annan, mindre heldig opptreden for Craig var forsøket på stagediving frå scena i Oslo Spektrum hausten 2005 der ingen tok imot henne. Det førte til at ho knuste kneskåla då ho trefte betonggolvet.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album
Singlar
  • 2005: Boogeyman
  • 2005: Headhunted
  • 2006: Who Make Yuh
  • 2007: Leo
  • 2009: I'm the One
  • 2010: I'll Take You High

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Mira Craig
Wikinytt
Wikinytt
Wikinytt har nyhende knytt til Mira Craig:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Omsett frå Mira Craig i Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 23:45.

Referansar[endre | endre wikiteksten]