Mirandola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rådhuset i Mirandola før jordskjelvet i 2012

Mirandola er ein by og ein kommune i provinsen Modena i regionen Emilia-Romagna i Italia. Kommunen har 24 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 137,1 km². Byen ligg 31 kilometer nordaust for provinshovudstaden Modena, langs jarnvegen. Han ligg 18 meter over havet.

Mirandola voks fram med ei borg, kring om 1300. Byen var eit frittståande fyrstedømme, kontrollert av Mirandola-ætta fram til 1710. Filosofen Pico della Mirandola var ein framskoten av fyrsteslekta. Hertugen av Modena tok makta over byen i 1710, og hadde henne til 1859. Byen kom i forfatt etter borgslottet vart øydelagt i 1714.

Den 29. mai 2012 vart byen råka av eit jordskjelv, der minst 17 omkom. Jordskjelvet, med ein styrke på 5,8 magnitude, øydela kyrkjer og fabrikkar, med 14 000 menneske stod heimlause.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]