Mirny-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 66°33′9.66″S 93°0′34.05″E
Mirny-stasjonen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Queen Mary Land
 - koordinatar 66°33′9.66″S 93°0′34.05″E
Administrert under Antarktistraktaten
Mirny-stasjonen is located in Antarktis
Mirny-stasjonen (Antarktis)

Mirny (russisk Мирный, tyder fredfull) er ein russisk (tidlegare sovjetisk) forskingsstasjon i Antarktis, ved kysten av Davishavet i Australsk Antarktis. Han er kalla opp etter forskingsfartøyet «Mirny» med Mikhail Lazarev som kaptein under den første russisk antarktisekspedisjonen (leia av Fabian Gottlieb von Bellingshausen«Vostok»).

Stasjonen opna 13. februar 1956 av Den første sovjetiske antarktisekspedisjonen. Han vart opphavleg nytta som hovudbase for Vostok-stasjonen som ligg 1400 km frå kysten, men denne funksjonen er no flytta til Progress-stasjonen.[1] Om sommaren er det opp mot 169 menneske her fordelt på 30 bygningar, og om vinteren kring 60 forskarar og teknikarar. Middeltemperaturen på staden er –11 °C, og meir enn 200 dagar av året er vinden kraftigare enn 15 m/s.

Hovudforskingsområda er glasiologi, seismologi, meteorologi, observasjonar av polarlys, kosmisk stråling og marinbiologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.aari.nw.ru/projects/antarctica/stations/mir/mir_en.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]