Miroslav Klose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Miroslav Klose
Personleg informasjon
Fullt namn Miroslav Josef Klose
Fødd 9. juni 1978 (45 år)
Fødestad Opole i Polen
Høgd 182 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Lazio
Nummer 11
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-99
1999-2004
2004-07
2007-11
2011-
Tyskland Homburg
Tyskland Kaiserslautern
Tyskland Werder Bremen
Tyskland Bayern München
Italia Lazio
20 (11)
120 (44)
89 (53)
98 (24)
80 (35)
Landslag
2001- Tyskland Tyskland 132 (69)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mai 2014
‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014

Miroslav Klose, fødd som Mirosław Marian Klose (fødd 9. juni 1978 Opole) er ein polsk-tysk fotballspelar som har spela som spiss for Lazio i italiensk Serie A, og for det tyske landslaget. Klose vart fødd i Polen. Mora var polsk landslagsspelar i handball og faren var profesjonell fotballspelar. Faren forlet Polen i 1978. Miroslav Klose og mora drog etter i 1985 og vart tyske statsborgarar, grunna faren sitt etnisk tyske opphav.

Klose vart toppskårar i Bundesliga og kåra til årets tyske spelar i 2006, medan han spelte for Werder Bremen. I 2007 gjekk han til Bayern München og var med på å vinna Bundesliga med dei i 2008 og 2010. I 2013 vart han cupmeister i Italia med Lazio.

Klose debuterte for det tyske A-landslaget 24. mars 2001 mot Albania, etter at han hadde avslått å spela for det polske landslaget. Han skåra fem mål for Tyskland både under fotball-VM i 2002 og i 2006, den einaste spelaren som har gjort dette i to etterfølgjande meisterskap. I 2006 vart han òg toppskårar i VM. Før VM i 2014 er han den spelaren som har skåra flest mål nokonsinne for Tyskland sitt landslag (69) og nummer to på toppskårarlista for fotball-VM til saman med 14 mål, fordelt over tre ulike VM.