Mirovia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mirovia (av russisk мировой, mirovoj, som tyder «global») var eit tenkt superhav som låg omkring superkontinentet Rodinia i neoproterozoikum i perioden for om lag 1 milliard år sidan til 750 millionar år sidan.[1] Mirovia kan ha vore identisk til, eller ein forgjengar for, Det panafrikanske havet som følgde etter oppdelinga av Rodinia. Panthalassa (ein forgjengar for Stillehavet) utvikla seg i neoproterozoikum då Mirovia forsvann på grunn av subduksjon.[2]

Geologiske funn tyder på at det i midten av neoproterozoikum, i perioden kryogenium, var ei ekstrem istid som var så intens at heile Mirovia kan ha vore dekt av eit to kilometer tjukt islag, som òg dekte det meste av jorda. Denne hypotesen vert kalla snøballjorda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McMenamin, Mark A.; Dianna L. McMenamin (1990) “The Rifting of Rodina” in The Emergence of Animals, Columbia University Press, ISBN 0-231-06647-3
  2. Powell, Christopher McA og Pisarevsky, Sergei A., RODINIA TO GONDWANALAND: GROWTH OF THE PACIFIC OCEAN og DESTRUCTION OF THE MOZAMBIQUE og BRAZILIDE OCEANS, GSA Conference, Earth System Processes - Global Meeting (June 24-28, 2001), samandrag: http://gsa.confex.com/gsa/2001ESP/finalprogram/abstract_8026.htm