Miseno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Miseno

Miseno (latin Misenum) er neset som markerer den nordvestlege grensa til Napolibukta og Pozzuolibukta sør i Italia. Neset ligg direkte overfor øya Procida og er kalla opp etter Misenus, ein figur i Vergil sitt verk Aeneiden.

Historisk har neset vore viktig sidan romartida sidan ho verna den indre hamna i Portus Julius, marinebasen til den vestlege romerske keisarflåten. Sentrale delar av verket Aeneiden utspeler seg her og i Napolibukta. Det er her Aeneis sin ven, Misenus, meisteren av sjøhornet i form av ein konkylie, får «bølgjene til å klinge» med musikken sin og utfordrar sjøguden Triton til eit musikalsk slag. Han vart kasta i sjøen av ein sjalu Triton og gravlagt på neset som så vart kalla opp etter han.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]