Misgav Am

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Misgav Am
kibbutz
Utkikkspunkt med El Adisseh i bakgrunnen
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°14′52″N 35°32′54″E / 33.24778°N 35.54833°E / 33.24778; 35.54833
Folketal 316 (2015)
Grunnlagd 1945
 - Grunnlagd av Tidlegare Palmach-medlemmar
Tilhøyrsle Ingen
Kart
Misgav Am
33°14′52″N 35°32′54″E / 33.247777777778°N 35.548333333333°E / 33.247777777778; 35.548333333333
Wikimedia Commons: Misgav Am
Nettstad: www.misgav-am.com

Misgav Am (hebraisk skrift מִשְׂגַּב עָם, tyder 'Folkefestninga') er ein kibbutz i Øvre Galilea nord i Israel. Han ligg nær grensa til Libanon og byen Kiryat Shmona, og høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.

Misgav Am ligg 840 meter over havet og i eine dalsida til Huladalen med den libanesiske landsbyen El Adisseh på andre sida.

Idrettsanlegg
Nytt strøk

Historie[endre | endre wikiteksten]

Misgav Am vart grunnlagd i 1945. Ein av grunnleggjarane var dr. Reuven Moskovitz. Han var fødd i 1928 i Romania, overlevde Holocaust og immigrerte til Israel. Han skipa fleire organisasjonar, mellom anna Neve Shalom, der han budde sidan 1972.

Den 7. april 1980, trengde fem terroristar frå den irakisk støtta Arabisk frigjeringsfront Misgav Am om natta og gjekk inn på ein barneheim. Dei tok livet av sekretæren i kibbutzen og ein liten gut. Dei heldt resten av barna som gislar, og kravde at 50 terroristar skulle sleppast fri frå israelske fengsel. Israelske infanteristar raida landsbyen og etter to forsøk var alle terroristane døde. To kibbutzmedlemmar og ein soldat vart drepen, medan fire barn og 11 soldatar vart skadde.[1]

Like etter åtaket gjekk israelske soldatar inn i Sør-Libanon for å fjerne terroristane som heldt til der og legge ytterlegare press på palestinske terroristar i Libanon. Israel trekte seg ut etter fem dagar etter kraftig politisk press frå USA.

Under den andre Libanonkrigen i 2006, var fleire tusen israelske soldatar i stilling nær Misgav Am.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Israel American Jewish Yearbook, 1982

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]