Misirloú

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Misirloú (gresk Μισιρλού, «Egyptisk jente», frå tyrkisk Mısırlı) er ein populær gresk song med kult-liknande popularitet i fem særs forskjellige musikkstilar: gresk rebétiko, magedans frå Midtausten, jødisk bryllaupsmusikk (Klezmer), amerikansk surfrock og internasjonal orkester-easy listening (exotica).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt av Michalis Patrinos sitt rebetikoband i Aten i Hellas i 1927. Som med nesten alle tidlege rebetikasongar (ein stil som greske flyktningar frå Tyrkia tok med seg) veit ikkje kven som faktisk skreiv songen og eigarskapet låg hos bandleiaren. Melodien vart truleg komponert av heile gruppa, som var vanleg på denne tida, og den første teksten var truleg skriven av Patrinos sjølv.

Det greske ordet Misirlou viser til ei muslimsk egyptisk kvinne (i motsetnad til ei kristen egyptiotissa), så temaet i songen er forhold på tvers av tru og rase, noko som var vågalt på denne tida.

Songen vart opphavleg komponert som ein gresk zeibekiko-dans rebetiko som musikkstil. Tempoet var seinare og han gjekk i ein annan toneart enn enn dei meir orientalske framføringa som dei fleste er meir kjende med i dag. Dette var stilen på den første kjende innspelinga av songen av Michalis Patrinos i Hellas. Ei ny innspeling av gjort av Patrinos i New York i 1931.

I 1941 gav Nick Roubanis, ein gresk-amerikanar, ut ein instrumental utgåve av songen i eit jazzarrangement. Han tilskreiv seg sjølv som låtskrivar. Sidan ingen andre gjorde krav på songen står han framleis offisielt som låtskrivar id ag, bortsett frå i Hellas der anten Roubanis eller Patrinos vert tilskriven. S. Russell, N. Wise og M. Leeds skreiv engelsk tekst til songen. Songen vart raskt ein exotica-standard hos swingband (loungeband) på denne tida.

I 1945 vart det oppført ei danseframføring i Pittsburgh til ein sein versjon av «Misirlou». Denne spreidde seg i det gresk-amerikanske miljøet. I 1940- og 1950-åra var det eit blømande nære austen-miljø på nattklubbane i New York og New England. Slike restaurantar eller klubbar var vanlegvis eigd av grekarar som spelte musikk spelt av grekarar, armenarar og arabarar, ofte med magedansarar. Etter kvart kom «Misirlou» inn i dette miljøet og spreidde seg til dei armensk-amerikanske og arabisk-amerikanske miljøa.

Songen vart omarrangert som eit solostykke for gitar av Dick Dale i 1962. Far til Dale var libanesar-amerikanar og ein del av det nemnde nattklubbmiljøet, der han var musikar. Sjølv om dei var arabarar, spelte dei musikken til alle kulturane i nattklubbmiljøet. Under ei framføring vart det ein som inngjekk veddemål med Dale om at han ikkje kunne klare å spele songen på berre ein gitarstreng. Seinare på kvelden såg Dick Dalen onkelen spele songen på ein streng. Han prøvde å etterlikne stilen på sin eigen gitar, men tok tempoet kraftig opp for å gjere han til ein rock and roll-song, og resultatet vart den kjende utgåva til Dale. Dale introduserte songen til eit større publikum i USA som «Miserlou».

The Beach Boys spelte inn ein Dale-inspirert utgåva av «Misirlou» for albumet Surfin' USA i 1963, og gjorde songen til ein del av den amerikanske popkulturen. Det har vore gjort hundrevis av innspelingar av songen frå artistar så forskjellige som Agent Orange og Connie Francis.

I 1994 vart Dale-utgåva av «Misirlou» nytta i filmmusikken til filmen Pulp Fiction av Quentin Tarantino. I mars 2005 rangerte musikkmagasinet Q Dale-utgåva på 89. plass på lista deira over dei 100 største gitarsongane. I 2006 vart songen igjen populær som ein del av The Black Eyed Peas-singelen «Pump It» Ei utgåva av Dale-utgåva var ein del av dataspelet Guitar Hero II i 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]