Miss Otis Regrets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Miss Otis Regrets» er ein song av Cole Porter frå 1934. Han vart først framført på scenen av Douglas Byng i Hi Diddle Diddle, som opna den 3. oktober 1934 på Savoy Theatre i London. Songen vart opphavleg skriven for Ada «Bricktop» Smith.[1]

«Miss Otis Regrets» er ein song i bluesstil, og teksten til Porter er eit forvridd forsøk på eit vanleg teksttema i sjangeren, og fortel om ei kvinne som døyr etter eit møte med ein mann. Den sære tvisten til Porter er at Miss Otis er ei høfleg sossekvinne, og at soga hennar vert fortalt av ein av tenarane til Miss Otis, etter ho har møtt lagnaden sin. I løpet av eit par linjer fortel tenaren korleis ho etter å ha vorte forført og så forlaten, finn forføraren og skyt han, vert arrestert, teken til fengsel og hengd. Tenaren fortel venene hennar på høfleg vis: «Miss Otis regrets she's unable to lunch today.»

Songen er blitt innspelt av Nat King Cole, Ethel Waters, Édith Piaf[2], Nancy Wilson, Jose Feliciano, Linda Ronstadt, Ella Fitzgerald, Rosemary Clooney, Katy Moffatt, Kirsty MacColl med The Pogues, The Mills Brothers, Labelle, Bette Midler, John Barrowman, Josh White, Bryan Ferry, The Pine Valley Cosmonauts, Shani Rigsbee, Richard Manuel, The Lemonheads, Patricia Barber, Joan Morris, Lonnie Donegan, Marlene Dietrich, Clare Teal, Karel Plíhal og mange andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]