Miss You
| Miss You Singel av The Rolling Stones frå albumet Some Girls |
||
| B-side | «Far Away Eyes» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 19. mai 1978 | |
| Innspelt | oktober-desember 1977 | |
| Sjanger | Rock Disco |
|
| Lengd | 3:31 (7") 4:48 (LP) 8:36 (12") 7:31 (Rarities CD) |
|
| Selskap | Rolling Stones/Virgin Records | |
| Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
| Produsent | The Glimmer Twins | |
| The Rolling Stones-kronologi | ||
| «Hot Stuff» (1976) |
Miss You | «Beast of Burden» (1978) |
«Miss You» er ein song av The Rolling Stones på albumet deira Some Girls frå 1978.
«Miss You» vart skriven av songar Mick Jagger medan han spelte med keyboardisten Billy Preston under ei øving i mars 1977. Sjølv om Keith Richards òg er tilskriven, vert Jagger vanlegvis rekna som komponisten.
Fleire songar på Black and Blue frå 1976 hadde vore påverka av dansemusikk. «Miss You» var den første Rolling Stones-singelen med eit tydeleg disco-preg, mellom anna i den stødige trommespelinga til Charlie Watts og den funky bassen til Bill Wyman. Melodien vert sungen i falsett av Jagger og songen har eit refreng med draumande og nesten rar koring. Innimellom markerer munnspelet til Sugar Blue hovudriffet. Han har òg ein skarp solo. Den funky rytmen og rappinga på verset gjer at songen kan minne om tidleg hip-hop, bortsett frå at dette var fleire år før hip-hop vart rekna som ein eigen sjanger.
I motsetnad til dei fleste andre songane på Some Girls hadde «Miss You» med fleire studiomusikarar. I tillegg til Sugar Blue, finn ein Ian McLagan på elektrisk piano, som ligg nesten uhøyrleg i bakgrunnen, og Mel Collins på den glitrande saksofonsoloen i instrumentalparitet.
Innhaldsliste |
Medverkande [endre]
- Mick Jagger – vokal[1]
- Charlie Watts – trommer
- Bill Wyman – bass
- Keith Richards – gitar, korvokal
- Ron Wood – gitar, korvokal
- Ian McLagan – elektrisk piano
- Mel Collins – saksofon
- Sugar Blue – munnspel
Utgjeving [endre]
«Miss You» vart ein av dei største singlane til The Rolling Stones, og vart den åttande førsteplassen deira i USA då han kom ut i 1978. Songen var opphavleg nesten ni minuttar lang, men vart korata ned til fire og eit halvt minutt for albumet og tre og eit halvt minutt for singelen. B-sida på singelen var «Far Away Eyes» frå albumet, ein lett country-song.
Konsertutgåver av songen finst på Flashpoint frå 1991. Justin Timberlake samarbeidde med The Stones på ei konsertutgåve av songen på Toronto Rocks festival.
I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 496. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Andre utgåver [endre]
- Etta James spelte inn ei utgåve av songen på albumet Matriarch of the Blues i 2000. Andre musikarar som har spelt songen er Musiq Soulchild, E Street Band-medlem Danny Federici i ein jazza versjon og Black Eyed Peas har spelt songen live.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Miss You (The Rolling Stones song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Best of the Rolling Stones: Jump Back '71 to '93 (1993). CD liner notes
| 497: «Buddy Holly» Weezer |
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene 496 The Rolling Stones – «Miss You» |
495: «Shop Around» Smokey Robinson |