Mississippielva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg delstaten Mississippi
Satellittbilde av Mississippideltaet.

Mississippi er namnet på ei elv i USA, og har gjeve namn til delstaten Mississippi. Elva er den andre største i landet, etter Missourielva. Dei to elvane utgjer saman det største elvesystemet i Nord-Amerika. Namnet Mississippi kjem frå det gamle ojibweordet misi-ziibi, som tyder 'stor elv'.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mississippi har utspring i Itascasjøen i Minnesota, 450 m.o.h., og renn ut i Mexicobukta rundt 16 mil nedanfor New Orleans. Lengda er blitt målt med ulike resultat, men det amerikanske miljøverndepartementet oppgjev 2 320 miles (om lag 3&nbsp:730 km).

Elva renn gjennom, eller grensar til, ti amerikanske delstatar: Minnesota, Wisconsin, Iowa, Illinois, Missouri, Kentucky, Arkansas, Tennessee, Mississippi og Louisiana.

Nær Saint Louis i Illinois møter ho Illinois- og Missourielvane. Ohioelva kjem til ved Cairo i Illinois og Arkansaselva i Arkansas. Atchafalayaelva i Louisiana skil seg derimot ut frå Mississippi.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Elva og omlandet er heim til mange ulike dyreartar. 260 fiskeartar, 25 % av alle som finst i Nord-Amerika, høyrer heime her, det same gjer nesten 100 ulike muslingtypar. 326 trekkfuglar, 60 % av alle fugleartane, bruker elva som stasjon under trekket sitt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mississippielva

Kjelder[endre | endre wikiteksten]