Mitralklaff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mitralklaffen, eller bikuspidalklaffen (latin valva mitralis), er ein hjarteklaff som regulerer blodstraumen mellom venstre framkammer og venstre hjartekammer. Han har normalt to segl som går frå overgangen mellom for- og hjartekammer og ned i hjartekammeret. Segla går over sener (lat. chordae tendineae) som er festa med papillemusklar i den frie veggen i hjartekammeret. Klaffen fungerer som inngangen i ei teine og let blodet gå frå framkammer til hjartekammer, men ikkje attende. At klaffen ikkje «skrevar» over hjartekammeret som trikuspidalklaffen gjer at han ikkje så lett lekk dersom hjartekammeret blir utvida.

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.