Mixed Emotions

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Mixed Emotions»
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Steel Wheels
Utgjeve 17. august 1989
Innspelt April 1989
Sjanger Rock
Lengd 4:00, 4:39 (albumversjon)
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Chris Kimsey & The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
«One Hit (to the Body)»
(1986)
«Mixed Emotions» «Rock and a Hard Place»
(1989)

«Mixed Emotions» er ein song av The Rolling Stones frå albumet deira Steel Wheels frå 1989.

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards medan dei var på ferie i lag på Barbados, og han vart spelt inn i Montserrat frå mars til juni 1989.

Songen er ein likefram rockesong med Richards, Jagger og Ronnie Wood på gitar. Chuck Leavell spelte gitar og piano, medan Jagger, Richards, Sarah Dash, Lisa Fischer og Bernard Fowler song korvokal. Blåsarane på songen var the Kick Horns medan Luis Jardim spelte perkusjon. Charlie Watts spelte trommer, medan Bill Wyman spelte bass.[1]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i august 1989 og nådde femteplassen i USA, som den siste Rolling Stones-singelen på Topp 10 i USA. I Noreg nådde songen 9. plass. Den livlege songen hadde ein musikkvideo som viste eit smilande Rolling Stones medan dei spelar inn songen.

B-sida på songen var «Fancy Man Blues», ein bluessong som vart spelt inn under innspelinga av Steel Wheels, men som ikkje kom med på albumet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mixed Emotions». Time Is On Our Side. 2007.