Mjåvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mjåvatnet
Stad Vefsn (Nordland)
Koordinatar 65°56′42″N 13°25′51″EKoordinatar: 65°56′42″N 13°25′51″E
Overflateareal 2,60 km²
Kystlengd1 11,95 km
Høgd over havet 39 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Mjåvatnet er ein innsjø som ligg i Vefsn kommune i Nordland. Europaveg 6 passerer på vestsida av vatnet gjennom den såkalla Mjåvassbygda. På austsida av Mjåvatnet ligg Mjåvassfjellet.

Mjåvatnet ligg i Fustavassdraget mellom Ømmervatnet og Fustvatnet. Dei øvrige innsjøane i vassdraget er Lille Luktvatn og Luktvatn. Innsjøen er lang og smal, og namnet kjem av at innsjøen er mjå, eller smal. I nordenden munnar elvestykket Strauman ut i Mjåvatnet. Det kjem frå Ømmervatnet. I sørenden ligg utløpselva Straumen, som munnar ut i Fustvatnet. Det er ingen andre større elver som renn ut i Mjåvatnet, men det er ein del bekkar. Den største av dei er Sandørbekken, som renn frå Sandørbekkhola og nedover Mjåvassfjellet mot Mjåvatnet. Dette er eit kjent landemerke i området.

Fiskeslaga i Mjåvatnet er dei same som i Fustvatnet; aure, røye og trepigga stingsild.

Dei fleste bufaste i Mjåvatnet jobbar stort sett i Mosjøen, men det er òg landbruk i området. Sandvik Folkehøgskole ligg òg ved Mjåvatnet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.