Mjølkeku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mjølking av ku med kalv.
'Dronning Elisabet mjølker den nederlandske kua.' Måleri frå om lag 1586.

Mjølkeku er ei ku som gjev mjølk. Ei kvige blir mjølkeku når ho har kalva og fått i gang mjølkeproduksjonen. På ei mjølkeku er det viktig med eit godt jur og god jurhelse.

Historisk brukte ein alle kyr til både mjølk- og kjøtproduksjon, men i det moderne landbruket bruker ein helst spesialiserte rasar eller kryssingar som mjølkekyr. Nokre døme på kyr som har god mjølkeproduksjon er Holstein-kyr, Jersey-kyr og norsk raudt fe.

Mjølkekua blir fråteke kalven kort tid etter kalvinga i kommersiell mjølkeproduksjon. I nokre tradisjonelle former for kuhald kan ein la mjølkekua gå med kalven.

I overført tyding viser «mjølkeku» til ei stor inntektskjelde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]