Mjølne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mjølne som gullsmykke. Teikning av eit funn frå Öland.

Mjølne eller Mjølner (norr. Mjǫllnir, 'den som mel') er hammaren og viktigaste våpenet til Tor i norrøn gudelære. Ifølgje Den yngre Edda ville hammaren alltid nå målet sitt, og slå så hardt brukaren måtte ønskja. Om han vart kasta mot noko ville han aldri bomma, og heller ikkje flyga så langt at han ikkje ville finna tilbake til eigaren. Mjølne kunne òg bli så liten at han kunne berast inni trøya. Tor brukte hammaren mot jotnar og andre uvesen, som Midgardsormen.

Dvergane smir Mjølne.

Soger[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Skaldskaparmål i Snorre-Edda lagde dei to dvergane Brokk og Sindre hammaren på oppdrag frå Loke. Ettersom han hadde vedda hovudet sitt på at dei ikkje ville kunne laga like fine ting som Ivaldesønene, prøvde Loke, i flugeham, å hindra dei i arbeidet. Då dei skulle laga hammaren lukkest han i å få Brokk til å stoppa å blåsa med belgen eit bel, og hammaren fekk dermed eit litt for kort skaft.

Trymskvida fortel om korleis hammaren ein gong fall i hendene til jotnane, og Tor og Loke måtte bruka list for å få han attende.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Runestein ved Stenkvista i Södermanland i Sverige med teikning av Mjølne.

Torshammaren blei brukt som smykke i norrøn tid. Det er særleg funne mange hammaranheng i område med sterk kristen påverknad, som sørlege Noreg, søraustre Sverige og Danmark.[1] Ettersom hammaren kan minna mykje om dei likearma kristuskrossa som var vanlege blant kristne på denne tida, kan ein tenka seg at å bera torshammaren som smykke var ein måte å hevda den gamle trua på.[2] Ein finn også hammaren avbilda på runesteinar frå Danmark og Sør-Sverige, tidvis med innskrifter som ber Tor om å vaka over døde. Igjen kan dette vera eit svar på kristen skikk med å be Gud om vern for dei døde.[3]

I nyare tid har mange nyheidenske åsatruande teke i bruk hammaren som symbol. Ein finn også hammaren i bruk som meir eller mindre symbolsk pynt i fleire andre miljø, til dømes innan tungmetallmusikk, særleg svartmetall og vikingmetall. Elles finn ein Mjølne i kommunevåpenet til Torsås i Kalmar län og i logoen til Bornholm MuseumBornholm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Engelsk Wikiedia oppgav Turville-Petre 1964, s. 83
  2. Engelsk Wikipedia oppgav Ellis Davidson 1965, s. 81
  3. Engelsk Wikipedia oppgav Ellis Davidson 1965, s. 82-83