Mlap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mlap
Andre namn: Kwansu, kuangsu, kwansu-bonggrang
Klassifisering: Nimboranspråk
Bruk
Tala i: Indonesia
Område: PapuaprovinsenNy-Guinea
Mlaptalande i alt: 300 (2000)
Språkkodar
ISO 639-3: kja

Mlap (tidlegare kalla kwansu) er eit nimboransk språk som blir snakka på nordkysten av den indonesiske delen av Ny-Guinea. Det har berre rundt 300 talarar, og blir rekna som eit sårbart språk av UNESCO.

Språket blir tala i området vest for Sentanisjøen, like nord for språkområdet til gresi. Det har stor ordlikskap (rundt 60 %) med kemtuik. Mlaptalarar snakkar også gjerne kemtuik eller indonesisk.

Språkdøme[endre | endre wikiteksten]

  • tre - di
  • vatn - bu
  • jord - mab, map
  • eld - kip
  • fugl -
  • fisk - benggip-we, uwe, wop
  • hand - kit
  • fot - mesi
  • finger - kit-grang, mesi-grang
  • hovud - song-dang, yangkambu
  • å gå - kraung, krong
  • å eta - dam
  • eg - ngam
  • du - kom
  • de - kom-nang
  • me - in, io
  • 1 - tendu
  • 2 - namong
  • 3 - nanggrik
  • 4 - namong-namong
  • 5 - bonup

Kjelder[endre | endre wikiteksten]