Mljet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mljet
Pomena på Mljet
Pomena på Mljet
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 42°44′49″N 17°31′51″E / 42.74694°N 17.53083°E / 42.74694; 17.53083

Areal 98,01 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Dubrovnik-Neretva

Demografi
Folketal 1 111 (2001)

Mljet (latin Melita, italiensk Meleda) er den sørlegaste og austlegaste av dei større øyane i Adriahavet, i Dalmatia-regionen i Kroatia. I 2001 hadde øya 1 111 innbyggjarar med 98 % kroatar.

Mljet ligg sør for Pelješac-halvøya, og mellom desse ligg Mljetsundet. Øya har vulkansk opphav med mange kløfter og juv. Polače (it. Palazzo) er den største hamna på øya, og ligg i nord der turistferjer legg til kai. Det ligg eitt hotell på øya i den nordvestlege delen. I nordvest ligg det òg ein liten innsjø med ei lita øy. Han har vore ein nasjonalpark sidan 1960.

Antikke grekarar kalla øya Melita eller «honning», som gjennom åra utvikla seg til det slaviske namnet Mljet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klosteret for Jomfru Maria

Mljet er nemnd rundt 950 av den austromerske keisaren Constantine VII Porphyrogenitos i verket hans Om å styre eit keisardøme som ein av øyane til den serbiske stamma Pagania.

Mljet vert rekna som øya Melita, der Apostelen Paulus stranda. Dette synet vart først sett fram på 900-talet av den austromerske keisaren Constantine Porphyrogenitus.

Benediktinarane frå Pulsano i Apulia vart lensherrar over øya i 1151, etter at dei kom frå Monte Gargano i Italia. Dei kom på land ved Sutmiholjska-vika og den serbiske prinsen Desa frå Huset Vojislavljević donerte og bygde dei ei kyrkje og ei kloster for Jomfru Maria på øya i innsjøen (1187-1198). Pave Innocent III skreiv eit dokument som konsekrerte kyrkja i 1198.

Øya vart ein del av Serbia under Stefan Nemanja i 1166-1168. I 1222 gav den serbiske kongen Stefan Prvovenčani av Nemanjić bort landområda med kloster og kyrkjer på Korčula til benediktinar ordenen på Mljet. Den serbiske keisaren Stefan Uroš V gav øya til Balša I i 1357. Bendiktinarane sa frå seg herredømet over øya i 1345, og haldt berre på ein tredjedel av øya. Øya fekk ein statue og ein landsby i Babino Polje. Ho vart så annektert av Republikken Dubrovnik i 1410.

I 1809, under styret av Napoleon, var klosteret på Mljet forlate. Då Austerrike-Ungarn tok over øya vart skogbrukskontoert plassert i bygningen. Mellom verdskrigane var bygningen eigd av Dubrovnik bispedøme. I 1960 vart bygningen eit hotell, og i 1998 igjen gjeve tilbake til bispedømet.

Munkane på øya grov ut ein kanal mot sørkysten frå innsjøen, slik at han vart salt og ikkje fersk.

I mellomalderen vart det innført mungoar på øya for å redusere talet på slangar (som visstnok var ei stor plage). Mungoane tok knekken på slangane, men samtidig tok dei livet av fuglelivet på øya, og særleg egga. I dag er det framleis lite fuglar på øya.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sobra på Mljet

Over 72 % av øya er skog. Bergarten på øya er stort sett kalkstein og dolomitt. Enkelte senkingar på øya ligg under havnivå, og vert kalla blatine («gjørmesjøar») eller slatine («saltsjøar»). Desse vert fylt med vatn når det regnar.

Øya har middelhavsklima med ein middeltemperatur på 9 °C i januar og 24 °C.

Busetnadar[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei folketeljing i 2001 har busetnadane på Mljet følgjande folketal:

  • Babino Polje (336) - største landsby med ein politistasjon og skule.
  • Goveđari (165)
  • Babine Kuće
  • Pristaniste
  • Soline
  • Pomena (37) - med hotell
  • Polače (115) - ferjekai og romerske ruinar
  • Blato (46)
  • Ropa (32) - campingplass
  • Kozarica (28)
  • Sobra (102) - ferjekai
  • Prožura (53)
  • Prožurska Luka (14)
  • Maranovići (54)
  • Okuklje (20)
  • Korita (74)
  • Saplunara (35) - strand

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]