Mo kyrkje i Surnadal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Mo kyrkje | ||
|
Foto: kirkenorge.no |
||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Møre | |
| Prosti: | Indre Nordmøre | |
| Fellesråd: | Surnadal | |
| Sokn: | Mo | |
| Innvigd: | 1728[1] | |
| Endringar: | Påbygd i 1952[1] | |
| Kyrkjegard: | Ved kyrkja | |
| Arkitektur | ||
| Type: | Y-kyrkje | |
| Arkitekt: | Erik Jakobsen Holten[1] | |
| Materiale: | Tre | |
| Kyrkjerommet | ||
| Preikestol: | Frå 1867[1] | |
| Døypefont: | Frå 1952[1] | |
| Altartavle: | Frå 1767, ukjend kunstnar[2] | |
| Plassar: | 205[3] | |
Mo kyrkje står i bygda Moen i Surnadalen i Surnadal kommune i Møre og Romsdal fylke, og er ei Y-forma trekyrkje frå 1728. Byggmeister for kyrkja var Erik Jakobsen Holten frå Bæverdalen.
Mo kyrkje er ei av fem bevarde Y-kyrkjer i Noreg.
Kyrkja avløyste ei stavkyrkje som truleg var frå kring 1500. Ein del inventar vart flytt over frå stavkyrkja, mellom anna ein preikestol i tidleg barokk og ei kyrkjeklokke. Preikestolen vart skift ut ved ei restaurering i 1867,[4] og hamna etterkvart på Kristiansund Museum der han gjekk tapt under bombinga i 1940.[3]
I 1994 vart det funne ei båtgrav ved kyrkja. Grava er frå 900-talet.[3]
Mo kyrkje er soknekyrkje i Mo kyrkjesokn i Indre Nordmøre prosti.
[endre] Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Mo kirke, Mo i Surnadal», s. 279
- ↑ «Mo kyrkje» på nettstaden til Den norske kyrkja i Surnadal og Stangvik
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Inge Solheim: «Mo kirke»
- ↑ Om Mo kyrkje på nettstaden kulturnett.no
[endre] Bakgrunnsstoff
- Om Mo kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Møre og Romsdal» på nettstaden til Arkivverket
|
|
|---|
| Gjemnes · Gjøra · Hov · Mo · Osmarka · Ranes · Rindal · Romfo · Stangvik · Straumsnes · Tingvoll · Todalen · Øksendal · Øre · Øvre Rindal · Øye · Ålvundeid · Åsskard |

