Mobilkran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mobilkran under transport.

Mobilkran er ei sjølvkøyrande kran. Føremonen med mobilkraner er at dei snøgt kan flyttast mellom ulike arbeidsplassar.

Mobilkran i arbeid.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Støttebein på mobilkran.

Krana vert heva og senka hydraulisk og ho er teleskopisk og kan skuvast ut og trekkjast saman hydraulisk. Krana er montert på ei svingskive på chassiset, slik at ho kan svingast rundt 360°. I bakkant av krana er det montert motvekter for at krana ikkje skal tippa over under løfting. I tillegg er mobilkraner utstyrte med hydrauliske teleskopisk uttrekkbare støttebein. Støttebeina kan køyrast ned hydraulisk, slik at krana vert nivellert og står stødig under arbeid. Moderne mobilkraner er utstyrte med hydrauliske vinsjar. Motoren er så godt som alltid ein dieselmotor.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]