Moby Dick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om romanen. For am. filmen frå 1956, sjå filmen Moby Dick.
Reisa til skipet «Pequods», eit britisk «litterært kart» frå 1950-åra

Moby Dick (Moby-Dick, or The Whale) er ein roman frå 1851 av den amerikanske forfattaren Herman Melville (1819–91). Boka vart først gjeve ut i London 18. oktober 1851, og i USA 14. november same år. Romanen vert rekna som eit av dei største verka i litteratur frå USA.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Det siste, fatale møtet mellom kapteinen og kvalen. Bokillustrasjon frå 1902

Herman Melville var fødd til velstand, men faren mista både forstanden og formuen, og han måtte tidleg ut i arbeidslivet. Som ung var han fire år til sjøs, mellom anna i Stillehavet og på kvalfangst. Forfattaren debuterte med Typee i 1846 og vart den første av seks bøker på seks år der han utnytta erfaringane frå tida ombord.[1]

I denne tida las Melville mykje, og ønskte etter kvart å sameine den realistiske skildringa i sjøromanane med høgare litterære ambisjonar om å «skildra livsens grunnvilkår»[1], og Moby Dick er omtalt som «ei fantastisk blanding av realistisk roman, naturvitskapleg reisejournal og prosalyriske visjonar»[2], og «med suggestiva medel ger Melville händelsesföroppet en alltmer overkleg och symbolisk prägel»[3].

Kvalfangsten var eit naturleg tema for ein roman, sidan kvalfangsflåten til USA på denne tida var omfattande og tre gonger større enn den samla europeiske.[1]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Boken skildrar ei fangstreise ombord på skipet «Pequod», sett gjennom augo til eg-forteljaren Ishmael, som mønstra på skipet rett før toktet som vert skildra starta. Opningsreplikken i boka er «Call me Ishmael». Ishmaels ven gjennom romanen er den innfødde harpuneraren Queequeg. Forteljarteknisk er romanen likevel langt på veg prega av overblikket til den allvitande forteljaren, men i innleiinga og i epilogen, der Ishmael er den einaste overlevande, er førstepersonssynsvinkelen tydeleg og naudsynt.[3]

Skipskapteinen Ahab er besett av jakta på den kvite kaskelottkvalen kalla Moby Dick. Kapteinen er einbeint, hitt beinet mista han i eit tidlegare møte med kvalen, og «sidan er han som trollbunden av det intense ønsket sitt om å få tatt livet av kvalen».[4] Namnet Ahab er henta frå kong Ahab i det gamle testamentet, som vart kritisert for å dyrke framande gudar[4], og det er treffande for kapteinen sin monomane mani at han vier harpunen sin til Satan.[1]

Romanen skildrar ei reise over hava, på jakt etter den eine kvalen. Undervegs får skipet kontakt med andre skip som har møtt den same kvalen, og fått skadar av det. I løpet av reisa flettar forfattaren òg inn faktaopplysningar om kvalar og kvalfangst. Når «Pequod» omsider sporar opp kvalen kjem det til ein tre dagar lang kamp mellom dei. Den endar med at kapteinen vert dregen ned i djupet saman med kvalen, vikla inn i harpunlina. Etterpå kjem kvalen tilbake og øydelegg båtar og skip, slik at alle andre enn forteljaren Ishmael døyr.

Ulike tolkingar[endre | endre wikiteksten]

Romanen blir tolka på fleire måtar. Kvalen kan oppfattast som «uttrykk for ein vond vilje. Men ofte synest det vera ingen ting bak han, berre eit hjartelaust tomrom. Det er dette isande grunnproblemet som Ahab vil løysa. Livet står kring oss som ein mur. Ahab vil slå gjennom den muren i Moby Dick, inn til ei absolutt sanning, dersom noko slikt finst.»[1]

Kvalen kan òg oppfattast som ein «moderne myte, som ikkje har noko innhald, men veks og lever i sinnet hos mennene ombord på Pequod», og blir eit brennpunkt for ulike menneskelege konfliktar.[1] Ei tredje oppfatning er at Moby Dick representerer noko vondt «som människan måste kuva och betvinga, eftersom hon alltid haft naturen som huvudmotståndare i sin civilisationskamp.»[3]

Endeleg kan romanen òg lesast i eit forståingsskjema frå romantikken, der naturen ligg i ein orden og balanse som menneska ikkje må overskride: «i sin vithet tycks valen snarare stå för naturens renhet och oskuld, medan Ahab alltmer framstår som en ond kraft, som en varelse som är olyckligt besatt av tanken att vara naturens herre»[3].

Etterlivet til romanen[endre | endre wikiteksten]

Det har blitt laga fleire filmar basert på romanen, den første i 1930, og seinare i 1956 (Moby Dick, med Gregory Peck i hovudrolla og John Huston som regissør), 1978 og 1999.

Rockegruppa Led Zeppelin har utgjeve instrumentallåta Moby Dick. Låten er instrumental og inneheld ein lang trommesolo. Det progressive metalbandet Mastodon utgav i 2004 albumet Leviathan, eit konsept-album heilt basert på boka. Det tyske doom metalbandet Ahab er eit konseptband basert på historia og karakterane i romanen.

Innanfor Disneys Andebyunivers finst sjømannen Moby Duck. Will Eisner har laga ei teikneserieutgåve av historia, utgjeve på norsk i 2003. Ein teikneserieversjon med tekst av Jean Ollivier og teikningar av Paul Gillon vart utgjeve på norsk i 1985.

Mange stader i Antarktis har fått namn etter rollefigurar og skip i romanen.

Norske utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Sigmund Skard. «Amerikansk litteratur». I: Verdens litteraturhistorie; bind 8; Realismen. Redigert av Edvard Beyer mfl. Cappelen, 1972
  2. Tore Zetterholm. Levende litteratur, fra Gilgamesj til Dylan. Bokklubben, 1986. ISBN 82-525-1283-6
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Bernt Olsson og Ingemar Algulin. Litteraturens historia i världen. Stockholm. Norstedts, 1990. ISBN 91-1-943422-7
  4. 4,0 4,1 Snorre Evensberget. Litterært leksikon. Stenersen, 2000. ISBN 82-7201-261-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Moby Dick ved Wikisource.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Moby Dick