Mod-kulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
To mods på ein typisk styla scooter

Mod eller Mods (frå modernist) er namnet på ein subkultur som oppstod i London på slutten av 1950-talet. Han hadde ein topp tidleg og på midten av 1960-talet. Element i kulturen er musikk, mote og scooterar, vanlegvis Vespa eller Lambretta. Desse var som regel styla opp, med ekstra speglar, måling, forkromming, støtfangarar, tåkelys med meir.

Rørsla var ein viktig del av motebilete i fleire år, særleg med utgangspunkt i motegata Carnaby Street i London og moteskaparar som Mary Quant og John Stephen var medverkande. Både beatnik og den britiske Teddy Boy-retninga var med å legge grunnlaget for mods-stilen. Stilen vart oppfatta som kontinental gjennom korte, velklippa frisyrar og korte, tettsittande jakker. Trenden vart tiltrukke av relativt velståande ungdom med såpass god privat økonomisk bakgrunn at dei ikkje måtte arbeide for å medverke til familieøkonomien, men i staden kunne bruke pengar på klede og festing.

Miljøet var knytt til nattklubber, med dansing og festing heile natta, i første omgang til soul og rythm 'n' blues. Såkalla «Allnighters», klubbar som var opne heile natta var særleg populære. For å orke å halde ut vart det vanleg med misbruk av ulike narkotiske stoff, som amfetamin. Mods var konkurranseorienterte og søkte å imponere kvarandre gjennom klede, musikk og dans.

Viktige musikalske eksponentar for denne subkulturen var på 1960-talet grupper som Small Faces, The Kinks og The Who. Seinare har Britpop-grupper som Oasis og Blur sterke mods-element i profilen sin.

Som moteretning forsvann etter kvart det eksklusive preget og image som deltakarane hadde gjeve kvarandre, og han gjekk av moten, særleg etter eit større slagsmål våren 1964 mellom mods og rockarar i badestadane Brighton og Clacton. Denne hendinga fekk stor mediemerksemd og viste ei «folkeleggjering» av mods-miljøa som gjorde at det eksklusive bilete av retninga vart borte.

Stilen vart stadig meir kommersialisert og retta mot eit stort publikum. Samstundes endra dei leiande musikkgruppene, som The Who og The Small Faces musikkstil og såg ikkje lenger på seg sjølv som mods. Nye trendar, som hippie og psykedelisk rock overtok scenen, og dei første modsane vart etablerte familiefolk. Frå 1966 var omgrepet i det store og det heile ute.

Hendingane i Brighton og Clacton er skildra i The Who-albumet Quadrophenia frå 1973 og den påfølgjande filmen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]