Modellbygging

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Modellbyggjar i djup konsentrasjon.

Modellbygging er eit yrke eller ein hobby som går ut på å byggje miniatyrutgåver av verkelege gjenstandar etter eit fastsett høvetal, såkalla skalamodellar. Ein strevar etter å få modellen så truverdig lik førebiletet som mogleg.

Modellar kan òg byggjast på grunnlag av fantasibilete, slik det gjerne er aktuelt ved rollespel som til dømes Warhammer.

Når ein har som hobby å byggje modellar, nyttar ein som regel meir eller mindre heilt tilskorne materialar eller tillaga delar frå byggjesett som ein kjøper i hobby- og leiketøysforretningar og så limer saman, men mange modellbyggjarar hentar og materiala sjølve, gjerne frå naturen. Plast og trevirke er materiale som er lett å arbeide med og lime saman og er difor ofte nytta i byggesetta. Metall er tyngre og vanskelegare å lage til ettersom det gjerne må smeltast og støypast.

Gjenstandar som ofte vert modellert er gjerne transportmiddel som båtar, bilar, tog eller fly, men og byggverk og levande figurar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]