Moderata samlingspartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Moderata samlingspartiet
Fredrik Reinfeldt visits Bush at White House, May 15, 2007, cropped to Reinfeldt.jpg
Ideologi Liberalkonservatisme
Oppretta 1904
Farge Blå
Partileiar Fredrik Reinfeldt
Ungdomsorganisasjon Moderata ungdomsförbundet
Partiavis Medborgaren
Internasjonal tilknyting International Democrat Union
Europeisk tilknyting Det europeiske folkepartiet
Medlemstal 56 988
Nettstad www.moderat.se

Moderata samlingspartiet (m), moderaterna, er eit svensk politisk parti, som vart grunnlagt i 1904 under namnet Allmänna valmansförbundet. Partiet står for liberalkonservatisme og ligg tradisjonelt til høgre i svensk politikk (frå 1938 til 1969 var også ordet «höger» i partinamnet). Partiet er det nest største i den svenske riksdagen (etter socialdemokraterna) og var i opposisjon fram til riksdagsvalet i Sverige i 2006. Før dette var partiet sist i regjering frå 1991 til 1994 (sjå regjeringa Carl Bildt). Ved valet i 2006 var partiet med i den borgarlege koalisjonen Allians för Sverige.

Ideologi[endre | endre wikiteksten]

Ideologien til Moderata samlingspartiet er offisiellt liberalkonservatisme. Om det ideologiske tyngdepunktet ligg på liberalisme eller konservatisme, er omstridt. Somme meiner at partiet i Fredrik Reinfeldt si leiartid har gått vekk frå nyliberalisme og nærma seg sosialkonservatisme eller sosialliberalisme. Moderaterna har likevel ikkje fått nytt partiprogram, dessutan finst det mange nyliberalistar i leiande posisjonar i partiet. Nyliberalismen dominerer framleis også i ungdomsforbundet MUF. Medlemsbladet til moderaterna heiter Medborgaren.

Namnehistorikk[endre | endre wikiteksten]

Partileiarar[endre | endre wikiteksten]

Politiske parti i Sverige:
Vänsterpartiet Socialdemokraterna Miljöpartiet de Gröna Centerpartiet Folkpartiet Kristdemokraterna Moderaterna