Modica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Modica
Borga i Modica
Borga i Modica
Plassering
Modica is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Ragusa
Borgarmeister Pietro Torchi Lucifora
Geografi
Flatevidd
 - By

290,77 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

53 380
  180/km²
Koordinatar 37°19′″N 13°35′″EKoordinatar: 37°19′″N 13°35′″E
Høgd over havet 296 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 97015
Telefon-retningsnummer 0932
Nettstad: www.comune.modica.rg.it

Modica (gresk Μότουκα Mótoyka, latin: Mutyca eller Motyca) er ein by i provinsen RagusaSicilia i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar.

Byen ligg i Ibleafjella og i lag med Val di Noto er han ein del av UNESCO sin verdsarv i Italia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje Thucydides vart byen grunnlagd i 1360 fvt. eller 1031 fvt. og vart busett av sicelar om lag 600-talet fvt. og seinare styrt frå Siracusa. Modica vart erobra av romarane etter slaget ved Dei egadiske øyane mot Kartago i punarkrigane 241 fvt. i lag med Siracusa og heile Sicilia. Han vart ein sjølvstendig municipium.

I 535 kasta den austromerske generalen Belisarius ut gotarane og byen vart underlagt Austromarriket. I 845 erobra arabarar Modica og han fekk namnet Mudiqah. I 1091 enda den langvarige krigen til normannarane, leia av Roger av Hauteville, mot arabarane med fallet til heile Val di Noto, den søraustlege delen av øya.

I 1296 vart Modica hovudstad i grevskapet Modica, som under Chiaramonte-familien vart ein velståande, delvis sjølvstyrt, stat som kontrollerte om lag den sørlege tredjeelden av øya. Dei hadde mellom anna retten til å prege sine eigne myntar. I 1693 vart området råka av eit jordskjelv som øydela heile Val di Noto.

Modica vart annektert til Italia i 1860 og var provinshovudstad fram til 1926 då han inkludert i provinsen Ragusa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Modica

Kjelder[endre | endre wikiteksten]