Modus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om grammatiske kategorien. For den statiske middelverdien, sjå typetal.

Modus er ein grammatisk kategori ved verbet som viser kva talaren vil bruke ein proposisjon til i ein kommunikasjonssamanheng, eller kva innstilling talaren har til handlinga verbet uttrykkjer. I norsk har kategorien modus tre trekk, indikativ, imperativ og konjunktiv. Indikativ er den umarkerte forma, verbformer i presens og preteritum står i indikativ. Imperativ uttrykkjer oppfordring eller befaling. Konjunktiv er svært marginal i norsk; denne forma blir brukt mest i ein del ståande uttrykk, i bannskap og liknande (jf. uttrykk som leve kongen).