Mofett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mofett i Soos (Tsjekkia).

Mofett er ei gassutstrøyming frå hol eller sprekker i jorda i samband med vulkansk aktivitet. Gassen består hovudsakleg av karbondioksid og temperaturen er låg. Karbondioksidet er tyngre enn luft og vil samle seg i dalsøkk og fordjupningar i terrenget. Då gassen er fargelaus og utan lukt og smak, kan mofetter vere reine dødsfeller for menneske og dyr, som i Hundegrotta ved Napoli.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mofett. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/mofett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mofett