Mogadishu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mogadishu (somali Muqdisho) er den nominelle hovudstaden i Somalia. Byen ligg i Benadir-regionen, ved kysten av Aust-Afrika mot Indiahavet. I 2006 blei folketalet anslått til 1 700 000.
Mogadishu var i fleire hundreår ein viktig hamneby. Då arabiske handelsmenn som kom til Afrikas horn rundt år 900 blei han eit knutepunkt for økonomi og utreiing av islam, og Mogadishu voks til den nordlegaste av dei austafrikanske bystatane.