Mogens Petterson Teleman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Mogens Pettersen Thielemann)
Mogens Petterson Teleman
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1599
Død

1664 (65 år)

Yrke prest

Mogens Petterson Teleman (15991664) var sokneprest i Hadsel, prost i Lofoten og Vesterålen. Namnet hans vert òg latinisert til Magnus Petri og etternamnet vert ofte skrive Thi(e)lemann, men han skal sjølv ha underskrive Teleman,

Telaman var son til ein tidlegare prest i Hadsel, Peder Lauritzen Teleman. Han var gift tre gonger; med Karen Tallaksdotter Lind, Inger Hansdotter Blix (1625-55) og Maren Pettersdotter Falk (1629-1709), mor til diktarpresten Petter Dass.

Eit måla portrett av Teleman heng i Hadsel kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]