Mohorovičićs diskontinuitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Earth cross-section showing location of the Mohorovičić discontinuity

Mohorovičićs diskontinuitet (ofte berre kalla Moho) er grensa mellom skorpa og mantelen til jorda. Moho skil både havskorpe og kontinentalskorpe frå mantelen under. Moho ligg nesten heilt innanfor litosfæren, berre under midthavsryggane definerer han grensa mellom litosfæren og astenosfæren. Mohorovičićs diskontinuitet vart først identifisert i 1909 av Andrija Mohorovičić, ein seismolog frå Kroatia, som oppdaga at seismogram frå grunne jordskjelv hadde to sett med P-bølgjer og S-bølgjer, ei som følgde ei direkte linje nær jordoverflata og den andre som vart broten av eit raskare medium.[1]

Mohorovičićs diskontinuitet ligg 5-10 km under havbotn og 20 til 90 km under typiske kontinent, med 35 km i snitt.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andrew McLeish (1992). Geological science (2nd utg.). Thomas Nelson & Sons. s. 122. ISBN 0174482213. 
  2. James Stewart Monroe, Reed Wicander (2008). The changing Earth: exploring geology and evolution (5th utg.). Cengage Learning. s. 216. ISBN 0495554804.