Moldavia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
-
Denne artikkelen handlar om fyrstedømet. For den moderne staten, sjå Moldova.
|
|||||||||||||||||||||||||||
Moldavia (offisielt Moldova) er ein historisk region og eit tidlegare fyrstedøme i Aust-Europa, som ligg mellom Aust-Karpatane og elva Dnestr. Han var i starten ein sjølvstendig og seinare autonom stat som eksisterte frå 1300-talet til 1859, då han vart slått saman med Valakia, og danna grunnlaget for den moderne staten Romania. Staten inkluderte i periodar områda Bessarabia (med Budjak) og heile Bukovina. Den vestlege delen av Moldavia er i dag ein del av Romania, medan den austlege delen høyrer til den sjølvstendige staten Moldova, og den nordlege og søraustlege delen av regionen høyrer til Ukraina.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Moldavia» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juli 2008.