Molde Fotballklubb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Molde fotballklubb)
Molde FK
Fullt namnMolde Fotballklubb
KallenamnBlå-kvit
Kort namnMFK
Grunnlagd19. juni 1911
HeimebaneAker Stadion
(kapasitet: 11 249)
StyreleiarNoreg Odd Ivar Moen
HovudtrenarErling Moe
LigaEliteserien i fotball for menn
Eliteserien 20221
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Noverande sesong

Molde Fotballklubb er ein norsk fotballklubb som for tida spelar i Eliteserien. Noverande hovudtrenar er Erling Moe. Laget har Aker stadion som heimebane.

Molde har fire noregsmeisterskap (1994, 2005, 2013 og 2014) og fire seriemeisterskap (2011, 2012, 2014 og 2019).

Klubben har i dag om lag 800 medlemer og kring 45 fotballag fordelt på tre avdelingar. 40 av laga er i aldersgruppene 6–18, to er damelag, eitt er eit amatørlag for menn og to er profesjonelle herrelag.

Tropp[endre | endre wikiteksten]

Spillerstall[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 1. juli 2020[1] Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Sverige K Andreas Linde
2 Flagget til Noreg F Martin Bjørnbak
5 Flagget til Gambia F Sheriff Sinyan
6 Flagget til Noreg F Stian Rode Gregersen
7 Flagget til Noreg MB Magnus Wolff Eikrem
8 Flagget til Noreg MB Fredrik Sjølstad
9 Flagget til Sverige MB Mattias Moström
10 Flagget til Nigeria A Leke James
11 Flagget til Noreg MB Martin Skjelbreid Ellingsen
12 Flagget til Belgia K Álex Craninx
14 Flagget til Noreg A Erling Knudtzon
15 Flagget til Noreg MB Tobias Christensen
16 Flagget til Noreg MB Etzaz Hussain
Nr. Posisjon Spelar
17 Flagget til Noreg MB Fredrik Aursnes
18 Flagget til Noreg F Kristoffer Haraldseid Skadet ut sesongen 2020
19 Flagget til Noreg MB Eirik Hestad
20 Det amerikanske flagget MB Henry Wingo
22 Flagget til Noreg MB Ola Brynhildsen
23 Flagget til Noreg MB Eirik Ulland Andersen
25 Flagget til Noreg F John Kitolano (på lån frå Wolves)
27 Flagget til Noreg F Marcus Holmgren Pedersen
28 Flagget til Noreg F Kristoffer Haugen
30 Flagget til Elfenbeinskysten A Mathis Bolly
34 Flagget til Noreg K Oliver Petersen
99 Flagget til Noreg A Ohi Omoijuanfo

Historie[endre | endre wikiteksten]

Molde Fotballklubb vart stifta den 19. juni 1911 under namnet «International». Grunnen til namnevalet var at motstandarane deira som regel kom frå turistskip eller handelsbåtar. Etter kvart som fotballaktiviteten steig i dei næraste byane, vart namnet endra til Molde Fotballklubb.

Heilt fram til byrjinga av 1970-åra spela klubben i lokale seriar, med unntak av ei kort tid i øvste divisjon i 1957–58. I 1974 var Molde attende i toppdivisjonen etter at ei rad unge gode spelarar tok steget opp til A-laget, samstundes som gamle spelarar kom heim og tilførte laget røynsle. Mellom anna Jan Fuglset, Åge Hareide og Harry Hestad spela i Molde på denne tida.

Molde FK har frå denne tida stort sett halde seg i øvste divisjon og er vorten ein av dei leiande klubbane i landet. Laget har hatt ein jamn straum av landslagsspelarar.

Nærast seriemeisterskap kom Molde i 1987, då laget berre trengde uavgjort heime mot Moss Fotballklubb for å vinna serien. Oppgjeret enda med at Moss vann 2–0 framfor 14 793 tilskodarar på gamle Molde Stadion (i dag kalla Molde Idrettspark) og vart seriemeister.

I 1994 vann Molde på tredje forsøk eit NM med siger 3 - 2 over Lyn i finalen på Ullevål Stadion. I 2005 vann Molde NM igjen, denne gongen mot Lillestrøm. I 2009 var Molde nok ein gong i Cupfinalen, denne gongen mot naboklubben Aalesunds fotballklubb (AaFK). Molde tapte denne kampen etter 2-2 etter ekstraomgangar og ein straffekonkurranse som enda 4-5. Utanom dette gjorde Molde ein god sesong, med andreplass i Tippeligaen og NM-sølv. Eit høgdepunkt er deltakinga i Champions League i 1999 der storlaga Real Madrid, FC Porto og Olympiakos gjesta Molde.

I 1998 vart klubben sitt nye stadion teke i bruk. Det moderne anlegget i fjøra på Reknes kosta 212 millionar kroner, og vart reist takka vera investorane Kjell Inge Røkke og Bjørn Rune Gjelsten. Tilskodarrekorden er 13 308 og vart sett mot Rosenborg i 1998. No har stadion ein kapasitet på 11 167 tilskodarar.

Klubben har vore ein av dei leiande klubbane innan spelareksport, noko som har gjeve klubben store inntekter dei siste åra. Åge Hareide (Manchester City), Kjetil Rekdal (Borussia Mönchengladbach), Ole Gunnar Solskjær (Manchester United), Petter Rudi (Sheffield Wednesday), Trond Andersen og Andreas Lund (Wimbledon FC) og Jo Tessem (Southampton) er nokre av desse.

Vandring i divisjonane sidan 1963[endre | endre wikiteksten]

  • Øvste nivå: 1974–78, 1980, 1982, 1984–93, 1995-2006, frå 2008 til i dag
  • Nest øvste nivå: 1971–73, 1979, 1981, 1983, 1994, 2007
  • Tredje øvste nivå: 1963–70

Titlar og fakta[endre | endre wikiteksten]

Meisterskap og andre prestasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjende spelarar[endre | endre wikiteksten]

   

Cupmeistrar for Molde 1994[endre | endre wikiteksten]

Morten Bakke, Trond Strande, Sindre Rekdal, Jose Maria Glaria Avizanda («Flaco»), Knut Anders Fostervold, Ulrich Møller, Tarje Nordstrand Jacobsen, Andre Nevstad, Kjetil Rekdal, Daniel Berg Hestad, Tor Gunnar Johnsen, Ole Bjørn Sundgot, Arild Stavrum, Petter Rudi, Berdon Sønderland, Jan Berg.

Cupmeistrar for Molde 2005[endre | endre wikiteksten]

Marcus Andreasson, John Andreas Husøy, Matej Mavric, Rob Friend, Tommy Eide Møster, Toni Kallio, Knut Dørum Lillebakk, Stian Ohr, Magnus Kihlberg, Kai Røberg, Trond Strande, Mitja Brulc, Øyvind Gjerde, Daniel Berg Hestad, Thomas Mork, Petter Rudi, Dag Roar Ørsal, Øyvind Gram, Torgeir Hoås, Martin Høyem, Lars Ivar Moldskred, Erlend Ormbostad, Madiou Konate, Johan Nås, Torgeir Ruud Ramsli, Petter Christian Singsaas.

Spelarar som har representert Molde i A-landskampar for Noreg[endre | endre wikiteksten]

Trond Andersen, Morten Bakke, Jan Berg, Torkild Brakstad, Jostein Flo, Jan Fuglset, Hugo Hansen, Åge Hareide, Daniel Berg Hestad, Harry Hestad, Magne Hoseth, Arne Legernes, Øyvind Leonhardsen, Andreas Lund, Ulrich Møller, Roger Nilsen, Odd Inge Olsen, Kjetil Rekdal, Petter Rudi, Ole Gunnar Solskjær, Arild Stavrum, Ole Bjørn Sundgot.

Deltaking i europacupane[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lag, moldefk.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]