Molde kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Molde kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1502
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Molde
Areal 362 km²
Folkemengd 25 936 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Torgeir Dahl (H)
Målform Nøytral
Nettstad www.molde.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1502.svg
Molde kommune på Commons

Molde er ein bykommune i Romsdal i Møre og Romsdal, 362 km², 23 975 innb. (oktober 2002). Kommunen ligg på nordsida av Romsdalsfjorden og strekkjer seg austover i den tidlegare Bolsøy kommune kring Fannefjorden, omfattar halvøya mellom henne og Langfjorden, og dessutan øyane Sekken (18,45 km²), Veøy (1,1 km²) og Bolsøy (4,9 km²).

Molde har eit velkjend utsyn mot det såkalla Moldepanoramaet som tel 222 tindar. Molde vart ladestad i 1614 og kjøpstad i 1742. Bykjernen vart hardt skadd ved bybrannen den 21. og 22. januar 1916, og seinare ved tysk bombing i april 1940 (285 bygningar totalskadd). Vart attreist med store forretningsgårdar langs breie gater.

Molde i februar 2005, med Seilet hotell i framgrunnen

Byen er Romsdals sentrum og fylket Møre og Romsdals administrasjonsby; bispesete frå 18. september 1983.

Industrien omfattar m.a. Oskar Sylte Mineralvannfabrikk (kjend for ein god ananasbrus), skipsverft og annan verkstadindustri, samt ein stor lysarmaturfabrikk (Glamox). Her ligg òg ein høgskole (tidlegare ei avdeling av distriktshøgskulen i fylket), stort sjukehus, flott fotballstadion, Romsdalsmuseet og den gamle storgarden Moldegård, amtmannsbolig frå 1704, modell for Ibsens "Rosmersholm". Molde vert vitja av mange turistar, og mest hektisk er det under jazzfestivalen midt i juli.

Høgskolen i Molde ligg like vest for Molde sentrum og tilbyr bachelor- og mastergradsstudier innan fagområda, økonomi, informatikk, samfunnsfag, helse- og sosialfag. I tillegg tilbyr Høgskolen i Molde doktorgradsutdanning i logistikk.

I Molde ligg òg republikken Makedonia sitt generalkonsulat i Noreg.

1890-åras idyll med småe hus og store, bugnande hagar, gav Molde tilnamnet "Rosenes by".

Molde er òg kjend for fotballaget sitt, Molde Fotballklubb, som i mange år har hevda seg helt i toppen (med Champions League-spel i 1999 som høgdepunkt).

Molde lufthamn ligg på Årø austom byen. Byen er hamn for hurtigruteanløp.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Etter dei store kommunesamanslåingane på midten av 1960-talet vart Molde kommune den tredje største kommunen i Møre og Romsdal etter folketal. I 1969 passerte han Kristiansund i folketal, og har sidan då vore den nest største byen og kommunen i fylket.[2][3]

Folketalsutvikling for noverande Molde kommune frå 1900:

1900[4] 1920[5] 1.12.1930[6] 3.12.1946[6] 1.1.1951[3][7] 1.1.1961[3][7] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
5258a 7609a 8357a 10 346a 11 667a 15 571a 19 186 20 912 22 252 23 773 24 795
a Talet omfattar ikkje områda Veøya, Sekken og Nesjestranda, som var del av gamle Veøy kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, då dei vart del av Molde kommune. Desse områda hadde då 756 innbyggjarar. Talet omfattar heller ikkje området Mordal, som var del av gamle Nord-Aukra kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, då det vart del av Molde kommune. Dette området hadde då 77 innbyggjarar.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjende folk frå Molde kommune[endre | endre wikiteksten]

Folk frå Molde vert kalla «moldensarar».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Folkemengd i Kristiansund 1. januar kvart år frå 1951 til 2008, frå Statistisk sentralbyrå
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Folkemengd i Molde 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  5. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  6. 6,0 6,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  7. 7,0 7,1 Folkemengd i Bolsøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå