Moldefjorden i Romsdal

Koordinatar: 62°43′N 7°04′E / 62.717°N 7.067°E / 62.717; 7.067
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moldefjorden utanfor Molde
Utsyn mot Molde frå Moldefjorden

Moldefjorden er ein delfjord av Romsdalsfjorden i på sørsida av Molde kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 13 km austover og held fram austover som Fannefjorden. Den totale lengda til heile fjordsystemet er 38 km.

Fjorden starta i vest ved Julsundet, som går nordover. Fjorden ligg mellom sjølve byen Molde og øyane sør for Molde. Øyane skil Moldefjorden frå resten av Romsdalsfjorden. Dei største av desse øyane er Hjertøya, Seterøya og Fårøya.

Mellom Kviltorp i Molde og Bolsøya går fjorden over i Fannefjorden. Sør for Moldefjorden vert Romsdalsfjorden kalla Storfjorden.

Frå Molde går det to ferjesamband over Moldefjorden og Romsdalsfjorden. Eitt til øya Sekken og eitt til Furneset i Vestnes. Riksveg 662 går på nordsida av fjorden.

62°43′N 7°04′E / 62.717°N 7.067°E / 62.717; 7.067