Moldovsk geografi

Koordinatar: 47°N 29°E / 47°N 29°E / 47; 29
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Politisk kart over Moldova
Satellittbilete av Moldova i september 2003

Moldova er eit land søraust i Europa. Det grensar til Romania i vest og i nord, sør og aust til Ukraina. Det meste av landet ligg mellom dei to elvane Dnestr og Prut. Dnestr dannar ein liten del av Moldova si grense mot Ukraina i nordaust, men renn hovudsakleg langs austenden av landet, mellom Bessarabia og Transnistria. Prut utgjer heile den vestlege grensa mot Romania. Donau er så vidt innom den moldovske grensa heilt i sør og dannar grensa i mindre enn 1 km.

Moldova er det nest minste av dei tidlegare sovjetiske republikkane og det minst folkesette. Moldova sin økonomi er meir lik den ein finn i Sentral-Asia enn den ein finn i dei vestlege landa i det tidlegare Sovjetunionen.

Geografiske koordinatar: 47°N 29°E / 47°N 29°E / 47; 29

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vintrane er kalde i Moldova, og ein kan ha episodar med ekstremt kaldt vêr når austavinden bles frå Sibir. Vinteren er likevel kortare enn i Ukraina og Romania, og smeltinga om våren kjem tidlegare. Somrane har fine temperaturar, og temperaturane held seg vanlegvis mellom 25 og 30 °C frå juni til august. Landet er derimot ganske så tørt, og Chisinau har ein årleg nedbørsnormal på berre 539 mm.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Moldova består av åslendte sletter som mange elvar og bekkar renn over. Dei nordlege områda består av rullande åsar med høgder opp til 300 meter over havet og små flate sletter i dalane til elvane innimellom. Det nordlege moldovske platået har ei gjennomsnittleg høgd på 240 meter med dei høgaste punkta opp til 320 meter. Bălţiplatået (Platoul Bălţi) har ei gjennomsnittleg høgd på 200 meter og høgaste punkt på 250 meter over havet. Desse områda var opphavleg skogkledde, men har vorte avskoga på 1800-talet for at områda skulle nyttast til jordbruk. Bălţi Plateau vert stundom kalla Bălţisteppa, men er langt meir kupert enn dei verkelege steppene lenger sør i landet.

Codri er eit åslandskap sentralt i Moldova. Dei har ei gjennomsnittleg høgd på 350 til 400 meter over havet med djupe, flate dalar, raviner og søkk i mellom. Ein del av åsane er skogkledde og dei vanlegaste tresortane er agnbøk, eik, lind, lønn, pæretre og kirsebærtre. Uttrykket Codri refererer generelt til skogområda mellom Karpatane og Dnestr.

Det høgaste punktet i landet, Dealul Bălăneşti, er 429 meter over havet og ligg i Corneştiåsane vest i sentrale delar av landet. Nordvest for dette området finn ein høglandet Ciuluc med høgder opp til 388 meter over havet. Dnestrhøglandet med høgder opp til 347 moh dannar den høgre breidda av elva Dnestr og glir over i det nordlege platået og det sentrale høglandet i aust og nordaust.

Den sørlege delen av Moldova er dominert av Den pontisk-kaspiske steppa.

Om lag 75 % av Moldova er dekt av eit jordsmonn kalla svartjord. I dei nordlege åsane består jorda meir av leire og raudjord. Jordsmonnet vert mindre fruktbar i sør, men er likevel frodig nok til at det kan dyrkast druer og solsikker.

Heile Moldova høyrer til Svartehavet sitt nedslagsfelt, men berre åtte elvar i landet strekkjer seg over 100 km. Den viktigaste elva i Moldova er Dnestr. Prut er ei sideelv til Donau. Over 95 % av alt vatn i Moldova renn ut via Dnestr og Prut. 246 av over 3000 elvar i Moldova er lenger enn 10 km.

Geografiske ytterpunkt:
Lågaste punkt: Dnestr 2 moh
Høgaste punkt: Dealul Bălăneşti 430 moh
Nordlegaste punkt: Naslavcea
Sørlegaste punkt: Giurgiuleşti
Vestlegaste punkt: Criva
Austlegaste punkt: Palanca

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Areal:
totalt: 33 843 km²
land: 33 371 km²
vatn: 472 km²

Landegrenser:
totalt: 1 389 km
grenseland: Romania 450 km, Ukraina 939 km

Kystlinje: 0 km (omgjeve av land)

Naturressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar: brunkol, fosforitt, gips, dyrkbar mark

Arealbruk:
dyrkbar mark: 53 %
permanente avlingar: 14 %
permanente enger: 13 %
skogområde: 13 %
anna: 7 % (1993 est.)

Irrigert land: 3 110 km² (1993 est.)

Naturfarar: jordras (57 tilfelle i 1998)

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Miljøproblem[endre | endre wikiteksten]

Tida under kommunismen har sett sine spor i Moldova, som i mange andre tidlegare sovjetrepublikkar. Overbruk av insektmiddel kunstig gjødsel i jordbruket har ført til forgifting av jordsmonn og grunnvatn, mellom anna av DDT som var forbode i vest.

Denne overbruken er framleis eit problem for Moldova i dag. Tidleg i 1990-åra nytta landet om lag tjue gonger så mykje insektmiddel som andre tidlegare sovjetrepublikkar og vestlege land. I tillegg har avskoging for å plante vinranker og andre avlingar ført til omfattande erosjon av jorda.

Internasjonale miljøvernsavtalar[endre | endre wikiteksten]

Delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, miljøfarleg avfall, vern av ozonlaget
Signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved persistente organiske stoff

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Moldovsk geografi