Molekylærgenetikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Molekylærgenetikk er ei grein i genetikken som omhandlar utforskinga av arvemassen på molekylærnivå (DNA-nivå).

Då dei molekylærbiologiske metodane vaks fram på 1970- og 1980-talet vart det mogeleg å studere aresmassen i detalj. Då DNA-molekylet si oppbygging vart kartlagd i 1953, vart også grunnen lagt for den molekylære genetikken. Genetikken opna nye vegar til rein framstilling av arveanlegg samt stadium av oppbygging og funksjon. På denne måten har ein isolert og studert gener frå menneske, dyr, plantar og mikroorganismar på DNA-nivå. Ein viktig del av den molekylære genetikken går ut på å fastlegge sambandet mellom mutasjonar i einskilde gener og oppkomsten av genetiske sjukdomar. Dessutan studerer ein grunnleggande biologiske prosessar, som regulering av genane sin aktivitet og arvemassen si spreiing. Molekylærgenetikken har eit stort tal praktiske og teoretiske nytteområde, t.d. I planteforedling, framstilling av lækjemiddel, evolusjonslære og fleire greiner av medisinen, m.a. bakteriologi, virologi, immunologi og medisinsk genetikk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]