Molfetta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Molfetta
Byvåpenet til Molfetta
Byvåpenet til Molfetta


Plassering
Molfetta is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Puglia
Bari
Borgarmeister Antonio Azzollini
Geografi
Flatevidd
 - By

58,26 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

61 184
  1061/km²
Koordinatar 41°12′″N 16°36′″EKoordinatar: 41°12′″N 16°36′″E
Høgd over havet 18 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 70056
Telefon-retningsnummer 080
Nettstad: www.comune.molfetta.ba.it

Molfetta er ein by i provinsen Bari i regionen Puglia i Italia. Han ligg ved Adriahavet, om lag 24 km nordvest for Bari, og har om lag 60 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til byen kan sporast tilbake til ein liten fiskelandsby på 300-talet fvt., men han vart først nemnd i skriftlege kjelder i november 925. Byen utvikla seg under Austromarriket og vart seinare erobra av langobardar, som gjorde han ein del av Hertugdømet Benevento. Byen slo tilbake mange åtak frå sarasenarar. Som ein sjølvstendig hamneby gjorde Molfetta handel med andre byar rundt Middelhavet, som Venezia, Alexandria, Konstantinopel, Syria, Amalfi og Dubrovnik.

På byrjinga av 1000-talet kom normannarane til området og byen fekk halde på sjølvstyre sitt, noko som utvikla staden som ei hamn for handel og som ein stad der pilegrimar ofte gjekk om bord på veg til Det heilage landet. Av dei mange pilegrimane som reiste gjennom byen var Konrad av Bayern (c. 1105-1154). Han vart så glad i byen at han vart æra som San Corrado etter han døydde, som i dag er vernehelgenen til Molfetta. Under Angevin sitt styre av byen klarte han å halde på sjølvstyre sitt, men då Aragon slo seg ned i Sør-Italia vart det stadige stridar mellom franskmenn, spanjolar og italienarar. Desse krigane førde til død og øydelegging i store delar av Sør-Italia. Plyndringa av Molfetta av franskmennene i juli 1529 var ei hending som stoppa den økonomiske utviklinga i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]