Molkom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°36′3.3192″N 13°43′27.577″E Molkom er ein svensk tettstad i Karlstads kommun i Värmlands län i landskapet Värmland. I 2005 hadde tettstaden 1 883 innbyggjarar.

Tidlegare var Molkom centralort i Nyeds kommun og tingsplats i Nyeds härad. Namnet Nyed kjem frå soknet som Molkom tidlegare låg i, Nyeds socken.

På hausten 2006 vart Nyeds skola innvigd. Den inneheld førskuleklasse til år 9. klasse. Tidlegare vart Nyeds skola kalla Åsvallaskolan.

Tettstaden har om lag 2 000 innbyggarar og ligg mellom Karlstad og Filipstad i Värmlands län. På 1800-talet var Molkom eit av Värmlands største bruk, og framleis finst det mange industriføretak der - spesielt innanfor stålbransjen.

Jernbanen[endre | endre wikiteksten]

Bergslagsbanan KilDaglösenStälldalen går gjennom Molkom. Stasjonen i Molkom ligg 32 km frå Kil og 109 km frå Ställdalen. Før Molkom på banen ligg Deje og etter Molkom kjem møtestasjonen i Lindfors. Trafikken på jernbanen vart opna 1. mars 1876. Det var jernbanen som gjorde at samfunnet Molkom voks. Tidlegare forslag på jernbanestrekning var via Norum, sør for Molkomssjön, og sidan dette forslaget hadde vunne hadde Molkom med stort sannsyn ikkje vokse til den staden som han no er.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Stadnamnet Molkom er nemnt første gongen i 1503 og vart då skrive Molchen og Molchom. Det avsåg då ein gard, som sidan fekk gi namn til nærliggande jernbanestasjonen. Namnet kan vere danna av det forsvenska ordet muld eller mold med tydinga ’mull’.[1]

Ei skrøne seier at namnet Molkom kom til på følgjande vis: Bøndene i Karlstad dreiv kvart år dei kyrne dei ville selje til den store husdyrmarknaden i Filipstad. Vel framme i Molkom – litt meir enn halvvegs – var det tid for å mjølke kyrne. På dialekt heitte det då at det var tid for å «molk om» kyrna, og derav namnet Molkom.

Kjende personar frå Molkom[endre | endre wikiteksten]

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

Ulf Malmros sin kritikarroste og prislønte film Den bästa sommaren finn stad i Molkom.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wahlberg, Mats: Svenskt ortnamnslexikon, Språk- och folkminnesinstitutet, Uppsala 2003, sid. 213. ISBN 91-7229-020-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]