Molnes naturreservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Molnes naturreservat sett frå vest. I bakgrunnen Lepsøya.

Molnes naturreservat på øya Vigra i Giske kommuneSunnmøre vart oppretta i 2002. Området inngår i ein verneplan for havstrender og elvedelta i Møre og Romsdal.

Formålet med vernet er å sikre eit område med sjeldan samansett og variert strandlandskap som har mellom anna kalkkrevjande vegetasjon og fleire orkidéartar.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Berggrunnen i området er dominert av gneis som til vanleg gir grunnlag for ein fattig og nøysam vegetasjon. Den bratte nordskråninga av Molnesfjellet er likevel ikkje dårlegare enn at fleire kalkkrevjande arter veks i lia. Ein interessant del er flygesand-feltet ved foten av fjellet.

Velutvikla rullesteinstrand[endre | endre wikiteksten]

Steinen vart i hovudsak avsett som morenemateriale under den siste istida. For 12 000 år sidan trekt isen seg tilbake, og den yttarste delen av kysten vart fri for is. På grunn av iskappa si tyngde, hadde landet blitt pressa ned. Då istyngda vart borte, steig landet. På det meste gjekk havet i område 40 meter høgare enn dagens nivå. Bølgjene har omlaga dei opphavlege moreneavsetningane til dei strandavsetningane som ein finn i dag. Det finaste materialet er vaska ut og transportert til lågare nivå. Steinen som ligg att er dunka og slipt mot kvarandre av bølgjene og har etter kvart fått den karakteristiske runde forma. Når bølgjene bryt på, kjem både stein og sand i rørsle.

Naturlandskap og dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Noko av det mest særprega er dei kalkrike skjelsandområda og sanddyner med svært artsrik vegetasjon. Området er eit gammalt kulturlandskap. Driftshistoria gir grunn til å gå ut frå at det er slått og storfeltbelte gjennom svært lang tid som i hovudtrekka har funne vegetasjonen og som dei rike orkidèførekomstane er eit resultat av. Sau har spelt ei stor rolle på Molnesfjellet.

Frå Naustvika til Bårevika er det eit jamt belte med eittårig meldetangvoll. Ein finn også sandstorr og litt sandkveke. Sandkveka er sjeldan i fylket. Som naturbeitemark er dette eit av dei biologisk sett mest verdfulle områda i fylket. Verdiane er særleg knytt til artsrikdommen av sopp og plantar. Det er funne 55 artar beitemarksopp og meir enn 40 planteartar som vert rekna som naturengplantar. Dette er høge tal for eit område der vegetasjonen er påverka av beite, og ikkje nokon annan stad i fylket er det registrert så mange artar i den kategorien.

Plantar[endre | endre wikiteksten]

Av sjeldne plantar for fylket, og delvis nasjonalt, er bakkesøte, bakkeveronika, bittersøte, blankburkne, blåstorr, brudespore, marinøkkel, purpurmarihand og ormetunge. Molnes er truleg den einaste funnplassen i fylket for dei to siste. Til no er det funne to raudlisteartar (15 sopp, 1 lav og 10 plantar). I området er det også sjeldne moseartar.

Fuglar[endre | endre wikiteksten]

Tjeld, sandlo og gravand er hekkefuglar. Elles er området av interesse i trekktidene og om vinteren. Fugl som beiter i tangvollane er til dømes steinvendar, fjærepytt, sandlo og myrsnipe.

Gammal busetjing[endre | endre wikiteksten]

Det skal ha vore busetjing på Heland, lengst aust på reservatet, i eldre tid. Der er også eit gravfelt frå jernalderen like ved Heland som Riksantikvaren har registrert og freda. Området har i seinare tid vore nytta til slått og beite og til åkerbruk, blant anna til dyrking av korn, poteter, gulrot, tulipanar og krokus til 1960-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Informasjonstavle ved Molnes naturreservat
  • Forslag til forvaltningsplan for Molnes naturreservat i Giske kommune, Møre og Romsdal. Rapport J. B. Jordal nr. 7 - 2005
  • Kulturminnesøk Riksantikvaren Fetts fk.nr.1/1-2 Heland