Mona Evjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mona Evjen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. februar 1955 (69 år)
Bodø
Idrett friidrett
Utmerkingar

Kongepokal

Mona Evjen (fødd 13. februar 1955) er ein norsk friidrettsutøvar frå Bodø. Evjen var i mange år den beste kvinnelege sprinteren i Noreg, og i tillegg til total dominans på 100 meter og 200 meter, hevda ho seg også godt på 400 meter. Med heile 21 individuelle NM-titlar er ho ein av dei mestvinnande friidrettsutøvarane i Noreg, og ho har nesten like mange stafettgull. Hennar personlege bestetid på 200 meter stod i 2009 framleis som norsk rekord. I tillegg var Evjen med på laga som framleis held noregsrekordane på 100, 200 og 400 meter stafett.

Trass suksessen i Noreg nådde Evjen aldri heilt opp i internasjonal samanheng, og kom aldri lenger enn til ein semifinale i EM i 1982.

Etter at friidrettskarrieren var over busette Mona Evjen seg i Stavanger, og har mellom anna jobba som rådmann i tidlegare Rennesøy kommune.

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

Distanse Tid År
100 meter 11,58 1982
200 meter 23,31 1982
400 meter 53,89 1980

Kjelder[endre | endre wikiteksten]