Monadhliath Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Monadhliath Mountains eller Monadh Liath er ei fjellkjede i Skottland. Namnet kjem frå skotsk-gælisk og tyder «dei grå fjella». Dei strekkjer seg frå nordaust til sørvest og ligg vest for Strathspey og Cairngorms og søraust for Loch Ness. Fjella ligg i Highland og dei sørlege og austlege utkantane ligg innanfor Cairngorms nasjonalpark. Det høgaste punktet i fjella er Càrn Dearg på 945 meter over havet, 24 km sør for Inverness.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 57°10′N 4°00′W