Monarkisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Monarkisme (eller royalisme) er å gå inn for å etablere, ta vare på eller gjenopprette eit monarki.

Sidan midt på 1800-talet, har monarkist-rørsler sjeldan forsvart monarkiet på grunnlag av abstrakte, universelle prinsipp som kan gjelde for alle land, og heller ikkje fordi monarki ville vere den beste eller mest praktiske styreforma for den aktuelle nasjonen. Monarkia har generelt vorte forsvarte på lokalt symbolsk grunnlag, for å vere ein spesiell nasjon sitt samband med fortida. Da monarkistar vanlegvis kjem frå ein pragmatisk eller empirisk tradisjon, som mange konservative gjer det, har dei ofte ikkje abstrakte universelle prinsipp i det heile, og av same grunn brukar monarkistar å argumentere på ein måte som er lett å skjøne for alle, og dei lèt vere å bruke ein prinsipiell argumentasjon fordi mange av tilhøyrarane kanhende ville vere usamde i dette prinsippet.

Derfor har ordskifte etter 1800-talet om ein skulle ta vare på eit monarki eller innføre republikk, generelt vore ordskifte om nasjonal identitet, med monarken som symbol for andre ting.

Til dømes i Australia og Irland har debattar om monarki i røynda representert debattar om desse landa sitt tilhøve til Storbritannia, og den kulturarven som dette representerer, og andre ting med substans.

I somme land, som til dømes Frankrike, var monarkismen og ein religion (katolisismen i tilfellet Frankrike) lenge samanfiltra («alliansen av trona og altaret»), og såleis var republikanske idear ofte blanda med anti-klerikalisme, det vil seie motstand mot kyrkjeleg makt, og kraftfull hevding av at staten må vere sekulær og religion ei privatsak.