Monegaskisk geografi

Koordinatar: 43°44′N 7°24′E / 43.733°N 7.400°E / 43.733; 7.400
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete
Fyrstedømet Monaco

Fyrstedømet Monaco er det nest minste landet i verda etter Vatikanstaten med eit totalt areal på 1,95 km² og 4,4 km lange landegrenser. Kysten av Monaco ved Middelhavet er 4,1 km lang. Bystaten ligg 18 km aust for Nice i Frankrike og er omgjeve av Frankrike på tre sider, medan Middelhavet utgjer den fjerde sida. Dei maritime krava til Monaco strekkjer seg 22,2 km ut frå kysten. Det høgaste punktet i Monaco er 161 meter over havet på sørsida av Mont Agel som stig til 1 109 meter over havet i Frankrike og som er ein del av Dei maritime Alpane. Landet har ingen naturressursar.

Monaco er delt inn i fire bydelar: Monaco-Ville, som er gamlebyen og som ligg på ei klippe i Middelhavet, La Condamine som er hamneområdet, Monte Carlo som er det viktigaste bustadområdet og Fontvieille, som er eit nybygd område ved sjøen.

Fyrstedømet er kjend for det vakre, åslendte og kuperte landskapet og det solrike middelhavsklimaet med milde, våte vintrar og varme, tørre somrar. Middeltemperaturen i januar og februar er 8 °C, og i juli og august 26 °C.

Geografiske koordinatar: 43°44′N 7°24′E / 43.733°N 7.400°E / 43.733; 7.400