Mongefossen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Mongefossen | ||
| Stad | Rauma, Møre og Romsdal | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Type | Hestehale | |
| Totalt fall | 773 m | |
| Lengste fall | 773 m | |
| Midla breidd | 23 m | |
| Tal på fall | 1 | |
| Elv | Monge | |
| Status | Regulert | |
| Verdsrangering | 15. høgaste i verda og 3. lengste fall i verda. | |
Mongefossen er den femte høgaste fossen i Noreg og Europa ut frå totalt fall. Sidan han berre har eitt fall er han òg den fossen i Europa med lengst fall[1]. Han ligg i sjølve Romsdalen i Rauma kommune i Møre og Romsdal, mellom Fladmark og Marstein.
Fossen er regulert til kraftutbytting i Grytten kraftverk og er derfor tørrlagt store delar av året. I samband med mykje nedbør eller stor snøsmelting kan det kome vatn i fossen. Fossen ligg tett ved Raumabanen og skal vere den høgaste fossen som ein kan sjå frå ei jernbanelinje.
Innhaldsliste |