Mongla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Passasjerbåtar og bygningar i Mongla.

Mongla (bengali মংলা, Maṃlā, tidlegare Chelna) er ein hamneby sørvest i Bangladesh. Byen ligg ved møtestaden til Pussur- og Mongla-elva, rundt 10 mil nord for Bengalbukta. Han har rundt 40 000 innbyggjarar.[1]

Hamna er den viktigaste i vestre Bangladesh. Ho kan ta imot sjøgåande skip, og blir brukt til eksport av jute, lêr, tobakk, frosen fisk og reker. Nokre viktige importvarer er korn, sement og gjødsel. Mongla har transportsamband med fleire andre elvehamner i Bangladesh, og med jernbanenettverket i Khulna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mongla

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Encyclipedia Britannica oppgjev 39 837 for 2011 og 56 746 for 2001.
  • Mongla, Encyclopædia Britannica
Spire Denne geografiartikkelen som har med Bangladesh å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.