Mongolar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mongolsk gut med jaktfugl.
Foto: Tiarescott

Mongolar (mongolsk Монгол, mongol) er eit folkeslag som oppstod i område som i dag høyrer til statane Mongolia, Kina og Russland. Mongolane tel i dag 8,5 millionar menneske og snakkar mongolsk. De fleste mongolar følgjer buddhismen, sjamanisme eller islam.

Det bur rundt 2,3 millionar mongolar i Mongolia, 4 millionar i Indre Mongolia og 2 millionar i naboprovinsar. I Kina er dei éin av 56 anerkjende nasjonalitetar.

Namnet monggol er først kjend frå kinesiske tang-skrifter frå 700-talet, men blei først brukt omatt på 1000-talet under khitanriket. Medan det først viste til nokre småstammar som heldt til ved Ononelva, blei omgrepet på 1200-talet utvida til å omfatta ei stor eining mongolar og tyrkarfolk samla under Dsjenghis Khan.[1] Desse mongolane blei kjende og frykta som dyktige og brutale krigarar over store delar av Asia og Europa.

Fleire folkegrupper nord i Kina og Russland er i slekt med mongolane: Daurfolk, burjatar, evenar, dorbodar, tuvinar og kalmukkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.