Mongstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mongstad er eit område i kommunane Alver og Austrheim i Vestland fylke. Mongstad er særleg kjend på grunn av Mongstad oljeraffineri, som vart sett i drift frå 1975. I tillegg er Mongstad bygd opp som ein terminal og lagringsstad for råolje. Kaien ved Mongstad kan ta imot skip på inntil fire hundre tusen tonn. Før raffineriet vart bygd, var området mest nytta til jordbruk. Mongstad vart kjend gjennom Mongstad-skandalen mot slutten av 1980-talet. Kostnadsoverskridingar i samband med utbygging av oljeraffineriet gjorde at leiinga i oljeselskapet Statoil måtte gå av i 1987. Overskridinga synte seg til slutt å vera på kring seks milliardar norske kroner. Ein slik sum vart i media kalla ein mong, oppkalla etter Mongstad. Mongstad-saka inspirerte forfattaren Georg Johannesen til å skriva ein satirisk og samfunnskritisk roman, Romanen om Mongstad.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]