Monika Zehrt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monika Zehrt

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 29. september 1952 (71 år)
Riesa
Yrke sprintar
Språk tysk
Høgd 168 centimeter
Monika Zehrt på Commons

Monika Zehrt (fødd 29. september 1952) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Riesa i Sachsen, som vart olympisk meister på 400 m i 1972 for Aust-Tyskland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Zehrt vart junioreuropameister på 400 meter i 1970. Året etter sprang ho siste etappen då Aust-Tyskland vann 4x400 meter stafett under europameisterskapen 1971 i Helsingfors på ny verdsrekord 3.29,3.

I OL-sesongen 1972 tangerte Zehrt i juli månad verdsrekorden på 51,0. Under sommarleikane i München i september 1972 vann ho gullmedaljen på 400 meter på tida 51,08, framom Rita Wilden frå Vest-Tyskland som fekk noterte 51,21. Saman med Dagmar Käsling, Rita Kühne og Helga Seidler vann Zehrt gull også på den lange stafetten. Ho spurta inn til verdsrekord både i forsøksløpet og i finalen, i finaleløpet vart ho og Aust-Tyskland klokka inn på tida 3.23,0.

Zehrt la opp etter 1974-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]